Stell av grav

Av og til kan det være vanskeleg for pårørande sjølve å sørge for planting og stell av gravplassen.

Stell av grav

Den som er ansvarleg for ei grav kan opprette ein førehandsbetalt gravstell-avtale med Kvam kyrkjelege fellesråd for eitt eller fleire år. Gravstell vert ikkje utførd ut over frigravperioden/festetida for grava.

Me tilbyr to ulike vedlikehaldsavtalar, den mest omfattande innebærer desse oppgåvene:

  1. Rydda grava om våren, utsetjing av påskeliljer e.l.

  2. Planting av blomar til 17. mai + utskifting ved behov

  3. Tilsyn/stell/vedlikehald av plantene utetter sommaren

  4. Haust-klargjering av grav

  5. Leggja ut mosekrans før jul

Denne avtalen kostar i 2025 kr. 2.165,-

Den andre og mindre omfattande avtalen inneheld ikkje punkt 1. og 5. og kostar pr. 2025 kr. 1.670,-

Det er også mogeleg å setja av førehandsbetaling for gravstell, typisk ved eit dødsbu. Slike avsetjingar vert sett på fond hjå kyrkjeverja, og trekte frå årleg.  Summane som vert trekt, er dei same som for årleg faktura. Dei pårørande vil få melding når fondet er oppbrukt.

Sjå link til avtalane nedanfor.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"